Grindal fetatype

Modna fetaost kan brukast i salat som anna feta, men knus han gjerne opp med gaffel, så får du fordelt smaken betre i salaten. Uhøvla er også god for å piffe opp ein saus som treng litt ekstra smak.

vintersalat med byggryn2

Vintersalat med byggryn

Byggryn, vårlauk, og finsnitta grønkål blandast godt saman med mykje god olivenolje, litt eddik, kvitlauk og pepper.
På toppen kan ein ha skinke/fenalår, paprika eller eple og sjølvsagt
Grindal fetatype.

dressing

Grindaldressing

Grindaldressing er ei halvblanding av yoghurt og Grindal fetatype. Kjør han i stavmiksar, og vips har du ein kraftig og syrleg saus. Vi synast han er best på råkostsalat av gulrot, rødbeter og eple. Synast du rå rødbeter har for skarp smak, kan du koke dei før du riv dei, og ha dei andre grønsakene rå.

IMG_5666

Grindal spinatpai

Til 4-5 personar. Lag vanleg paideig, prikk med gaffel og steik i 15 min på ca 200 grader.
Fyll: 250g spinat, 1 raudlauk i tynne båtar, 2 hakka kvitlaukfedd, 8 soltørka tomatar i bitar, 150 g Grindal i terningar, 3 egg, 3 dl mjølk, urter, pepper

Steik lauk, kvitlauk til det er mjukt, ha i spinat. Rør medan du steiker. Når spinaten fell saman, er han ferdig. Pisk saman egg, urter, pepper og mjølk. Fyll paiskalet med dei steikte grønsakene og eggblandinga. Legg tomatbitar og Grindal på toppen. Steik midt i omnen på 200gr i ca 35 min til røra har stivna. Paien skal vere lysebrun.

taco

Grindalstaco

Heimelaga potetlefser er ei ypperleg fornorsking av tortilla.
Riven, rå kålrot er mykje betre enn issalat.
Grindal fetatype er utruleg fint å bruke, hugs at han er nokså salt, så ikkje salt dei andre rettane for mykje.
Paprika og rømme er jo uunværleg.
Bønnestuing er supergodt: Bløtlegg bønner dagen før. Kok opp, tøm av vatnet og ha på nytt vatn, kok til dei er møre. No skal bønnestuingen koke inn, hell av noko vatn om det er mykje i gryta. Tilsett ein til to hakka laukar, kvitlauk og kok vidare utan lokk. Tilsett etter kvart Chipotle –røyka chili (finst både tørka og hermetisert), rista korianderfrø, rista spiskummen og nok feitt, svinefeitt er feitt, bacon, smør eller olje. Ha i salt til slutt. Bruk stavmiksar om du vil ha glatt konsistens.
Salsa: 1 boks hakka tomat (søte og god), 1 liten raudlauk, 1-2 fedd kvitlauk, 1 ts sukker, pepper, tabascosaus, persille og koriander etter smak. Denne kan med fordel stå ein time eller to i kjøleskapet.

tomatsuppe

Tomatsuppe med Grindal fetatype

Del opp og brun ein lauk og 3 potetar i olje eller smør, hell oppi ein boks med hakka tomat og 3 dl vatn, og kok til potetbitane er mjuke. Mos det heile med stavmiksar. Knus ein bit Uhøvla med gaffel og ha det oppi suppa sammen med litt pepper, to teskeier sukker, oregano og tabaskosaus. Server med eit dryss Grindal og god olivenolje!

vitersalat (2)

Vintersalat med potet

Grønkål og kokt potet blandast sammen med
mykje god olivenolje, litt eddik, kvitlauk og pepper.
Gode soltørka tomatar er like gode heile året!
Grovraspa gulrot og raudlauk har vi i.
Eple eller raudkål kan vere fint ..og smakfullt.
Og godt med smuldra Grindal fetarype!