Ysteriet

Produksjonen

fjoset

På Grindal tek vi i bruk dei kvalitetane plassen har gjeve oss; jord og skog, dyr og folk. Ressursane speler best i lag: Skogen gjev varme til vaskevatn og ysteri. Samarbeid i nabolaget gjer at årshjulet rullar knirkefritt.  Ku, sau og geit beiter saman på artsrike og smakfulle beitemarker. Attåt næringsrikt fôr, sørgjer vi for at dyra har det godt på alle måtar. Attende får vi frisk og feit mjølk. Ei rein råvare.

ysting 3

Mjølk er levande og må handsamast med varsemd. Derfor nyttar vi fersk, rå mjølk til produkta våre. Mjølka strøymer varsamt ned i ystekaret, rett frå mjølkestallen. I ystekaret set vi i gang den biologiske prosessen som forvandlar mjølk til ost. Heile ystinga skjer for hand for å følgje med og justere ystinga, slik at osten blir best mogleg. Dette er solid mathandverk.

råblå ostelager

Ostane blir modna på eit naturleg lager med høg luftråme. Dei blir snudd for hand, vi luktar og smakar på dei undervegs, slik at vi er heilt sikre på at vi sender frå oss modne og smakfulle ostar. Ostar som ber med seg ei historie om ein heilhjerta produksjonsprosess, og ein raus smak.

Historia til ysteriet

Forteljinga om Grindal handlar om søstrene som ikkje ville flytte heim frå setra.
Den gode kvardagen på setra var fylt med kyr og mjølkestell. Setra er langt frå straum og bilveg, men gjeve oss tallause gode måltid med råvarer dei fleste berre kan drøyme om: fjellørret og nypotet, rømme og molter. Da heimflyttardagen kom, var løysinga klar; søstrene måtte bygge seg ysteri heime. Dei norske tradisjonsprodukta skulle få leva
vidare på setra, medan verdiane frå seterlivet fekk vera med på seterlasset heim.
Nærleik til heile produksjonen, fridomen ved å sjølv ha styring over dagen, og gleda med å sjå korleis mjølka kan bli til så mange ulike smakar. Vi har vore heldige og fått inspirasjon frå mange kantar, både i inn og utland. Det har gjeve oss smaken på
kvalitetsost og gjort oss nyfikne, slik at vi alltid må prøve noko nytt. Slik vart det til at Grindal produserer ostar med anar frå andre himmelstrok, ostar som osteelskarar drøymer om!

Grindal ysteri fekk i 2016 Martnasprisen på Rennebumartnan og bygdeutviklingsprisen i Sør-Trøndelag.

 

På Grindal er vi nøysame og optekne av å ta i bruk dei ressursane vi har til rådigheit; jord og skog, dyr og folk

Turid med ko