Om oss

Grindal Ysteri er eit lite gardsysteri i Rennebu. Her ystar vi av fersk og upasteurisert mjølk frå dyra våre.
Vi syt for kvalitet heile vegen; frå den reine råvara, gjennom solid mathandverk, til ein raus smak.

sostrene-nordbo

Søstrene Nordbø

Ragnhild var odelsjenta som skulle komme heim att. Det var fascinasjon over at mjølk vart til ost som gjorde at ho drog heimafrå: Ragnhild gjekk sitt første seter- og ystekurs då ho var 14 år, ho studerte næringmiddelfag på Ås, og har i mange år jobba med undervisning, kursing og rådgjeving innan småskala mjølkeforedling.

Turid er dagleg leiar, ho er lillesøstra som aldri skulle flytte heim att til Grindal, men som gjorde det lell, fordi dette var den beste plassen om ein ville få jord under neglene, dyr i fjøset, og ete seg mett på god ost. Turid har vore sætertaus på Jelsetra i alle sine år, i tilegg har ho jobba på fleire gardsysteri i Noreg.

Jelan

Grindalsjelan

Grindalsjelan er garden der Ragnhild og Tormod driv med mjølkekyr. Jelan er ein gammal gard som ein gong var stor og gild, men som etter dagens standard er ein fillegard. Vi vel å leve i sanninga at dette er eit paradis, for her er kjellaren full av rotgrønnsaker,
frysaren full av kjøt og syltetøy, i buret heng ei diger fleskeskinke. Slik ville det ikkje vore utan kårfolket,
som er høgst oppegåande. Mette er lidenskapeleg opptatt av økologisk grønnsaksdyrking og dyr.
Anders er ein klok mann, som kan alt som skal
kunnast, og som har vore så snill og bygd ysteri åt oss. Ysteriet ligg i driftsbygninga på garden, der det før sto gamle, ubrukte silostampar.

Stigen2

Stigen

Turid og Steinar driv med sau og mjølkegeit på småbruket Stigen. Dei tek eit stort ansvar med å ta vare på og gjenskape gammalt kulturlandskap, og er av dei få som driv med mjølkegeit i Trøndelag i dag.

Jelsetra

Jelsetra ligg på Jøldalen i Trollheimen, rett attmed Jøldalshytta. Etter ti tomme somrar tok Mette og Anders opp att tradisjonell seterdrift i 1985. Produktspekteret har vorte utvida smått om senn, her er det muleg å kjøpe seg rømme og forskjellig slags ost. Setersesongen varar omkring frå 15.juli til 20. august. Velkommen innom!

På Grindal er vi nøysame og opptekne av å ta i bruk dei ressursane vi har til rådigheit; jord og skog, dyr og folk