
Råblå og rødbetgrateng
Fin festmat til 4 personar! Servér med potetmos eller ovnsbakt potet og gjerne ein salat.
3 raspa rødbeter, 1 raspa gulrot og 1-2 finhakka lauk surrast i panne.
220 g Råblå, 270 g Rim, 3 egg
½ chili, 3 fedd kvitlauk, Oregano/timian/basilikum etter smak, pepper og bittelitt salt.
Bland egg og Rim, smuldre oppi Råblå og bland i resten. Passar i form med diameter 28 cm og steikast på 180 grader i ein time.

Råblå og fruktbrød
Eit stort frukt- og nøttebrød, som varar lenge, om du ikkje får heilt dilla…
Du treng 600g tørka frukt og 400g nøtter, av forskjellig slag, 5 egg, 100g kveitemjøl og 1 ts bakepulver.
Bland alt det tørre, pisk egga og rør dei inn. Kle ei brødform med bakepapir, press deigen i forma og dekk med bakepapir. Stek på 160 grader i ein time. Skjær i supertynne skiver med ein skarp kniv.