
Rustikk rim-kake
Botn:100g smør, 100g havregryn, 75g kveitemjøl, 50 g sukker. Smelt smør, bland og press utover botnen i form. Sett botnen i omnen og steik i ti minutt medan du blandar i hop fyllet.
Fyll: 500g Rim, 2 ts vaniljesukker, 1 ss sitronsaft, skal frå 1/3 sitron, 2 egg og 100g sukker.
Rør fyllet forsiktig saman, tilsett egga til slutt. Smør det utover botnen.
Steik på 175 grader i 50 minutt til kaka blir gyllen.

Solrim
Solrim er ei blanding av solbær, Rim og litt sukker. Ein fin dessert, og perfekt på vaffel!
Bland 180g Rim, 180 gram solbær og 20-25 gram sukker med stavmiksar. Vil du ha gourmetversjonen, kjør solbæra gjennom en juicar eit par gonger for å fjerne skal og steinar.

Råblå og rødbetgrateng
Fin festmat til 4 personar! Servér med potetmos eller omnsbakt potet og gjerne ein salat.
Surr 3 raspa rødbeter, 1 raspa gulrot og 1-2 finhakka lauk i panne.
220 g Råblå, 270 g Rim, 3 egg
½ chili, 3 fedd kvitlauk, Oregano/timian/basilikum etter smak, pepper og bittelitt salt.
Bland egg og Rim, smuldre oppi Råblå og bland i resten. Passar i form med diameter 28 cm. Steik på 180 grader i ein time.

Trollrim
Trollrim er ein variant av trollkrem som er sunnare, fyldigare og mildare. Bland sukker, rim og tyttebær!

Råblå-Rim
Bland Råblå og Rim med stavmiksar. Bruk 1 del råblå og 2-3 delar Rim. Dette er en god dressing, kan serverast i lag med steikt kjøt, og er supergod i potetlefse. Eller kva med 60-tallsklassikaren stangselleri?