Fast og kraftig blåmuggost, handysta av fersk, rå mjølk. Osten blir først modna i ein modningskjellar i to månader. Der blir osten snudd, flytta og stelt kvar veke. Modningskjellaren gjer Råblå ulik andre blåmuggostar i det norske ostelandskapet; modningsskorpa følgjer årstidene og gjev særpreg. Osten blir så pakka inn, og ettermodna på låg temperatur for å få eit rikt smaksbilete. Råblå ystast vanlegvis på kumjølk, men i juni blandar vi ofte i ca 1/5 geitemjølk.
Utmerkelsar:
- Gull i NM i ost i 2021
- Gull i World Cheese Awards 2018
- Årets ost i Det Norske Måltid 2018
- Sølv i NM i handverksforedla mjølk i 2015 og 2016
- Finalist i det norske måltid 2016.
Smaksnotater frå Matcompaniet: Lys gyllen ostemasse med vakker marmorering av blåmugg.
Heftig duft av rå melk, modent høy, alger, syrlige toner – kompleks men behagelig!
Munnfølelsen er kremet med tydelige krystaller nesten i retning av lett grynet.
Smaken har et søtlig anslag med gode muggtoner, friskhet og salt. Integrerte smaker som med tanke på duften er mildere en man kunne ventet seg. Smaker lenge.