Om oss

På Grindal tek vi i bruk dei kvalitetane plassen har gjeve oss; jord og skog, dyr og folk. Ressursane speler best i lag: Skogen gjev varme til vaskevatn og ysteri. Samarbeid i nabolaget gjer at årshjulet rullar knirkefritt.  Ku, sau og geit beiter saman på artsrike og smakfulle beitemarker. Attåt næringsrikt fôr, sørgjer vi for at dyra har det godt på alle måtar. Attende får vi frisk og feit mjølk. Ei rein råvare.

Mjølk er levande og må handsamast med varsemd. Derfor nyttar vi fersk, rå mjølk til produkta våre. Mjølka strøymer varsamt ned i ystekaret, rett frå mjølkestallen. I ystekaret set vi i gang den biologiske prosessen som forvandlar mjølk til ost. Heile ystinga skjer for hand for å følgje med og justere ystinga, slik at osten blir best mogleg. Dette er solid mathandverk.

Ostane blir modna på eit naturleg lager med høg luftråme. Dei blir snudd for hand, vi luktar og smakar på dei undervegs, slik at vi er heilt sikre på at vi sender frå oss modne og smakfulle ostar. Ostar som ber med seg ei historie om ein heilhjerta produksjonsprosess, og ein raus smak.

 

Grindal ysteri har i dag omlag 2,5 årsverk fordelt på fire personar; Gea, Sigurd, Mette og Turid. Vi er no 9 personar som har arbeid knytt til drifta. Vi ystar omlag 5 dagar i veka frå midten av september til 1. juli. Om sommaren setrer vi på Jelsetra.

 

Grindalsjelan

Grindalsjelan er garden der Ragnhild og Tormod driv med mjølkekyr. Jelan er ein gammal gard som ein gong var stor og gild, men som etter dagens standard er ein fillegard. Vi vel å leve i sanninga at dette er eit paradis, for her er kjellaren full av rotgrønnsaker, frysaren full av kjøt og syltetøy, i buret heng ei diger fleskeskinke. Slik ville det ikkje vore utan kårfolket, Mette og Anders, som er høgst oppegåande. Ysteriet ligg i driftsbygninga på garden.

Stigen

Turid og Steinar driv med sau og mjølkegeit på småbruket Stigen. Dei tek eit stort ansvar med å ta vare på og gjenskape gammalt kulturlandskap, og er av dei få som driv med mjølkegeit i Trøndelag i dag.

Jelsetra

Jelsetra ligg på Jøldalen i Trollheimen, rett attmed Jøldalshytta. Her setrar dei to bruka i lag med mjølkeku og geit. Etter ti tomme somrar tok Mette og Anders opp att tradisjonell seterdrift i 1985. Produktspekteret har vorte utvida smått om senn, her er det muleg å kjøpe seg rømme og forskjellig slags ost. Setersesongen varar omkring frå 15.juli til 20. august. Velkommen innom!

 

Grindal Ysteri har fått Martnasprisen på Rennebumartnan 2016, Bygdeutviklingsprisen i Sør-Trøndelag 2016, Årets økobonde 2018, Årets jobbskaper 2019 i Rennebu kommune, Noregs Målags Næringslivspris 2019, samt fleire utmerkelsar for ostane vil lagar.

 

 

Historia til ysteriet

 

Forteljinga om Grindal handlar om søstrene som ikkje ville flytte heim frå setra.
Den gode kvardagen på setra var fylt med kyr og mjølkestell. Setra er langt frå straum og bilveg, men gjeve oss tallause gode måltid med råvarer dei fleste berre kan drøyme om: fjellørret og nypotet, rømme og molter. Da heimflyttardagen kom, var løysinga klar; søstrene måtte bygge seg ysteri heime. Dei norske tradisjonsprodukta skulle få leva vidare på setra, medan verdiane frå seterlivet fekk vera med på seterlasset heim.
Nærleik til heile produksjonen, fridomen ved å sjølv ha styring over dagen, og gleda med å sjå korleis mjølka kan bli til så mange ulike smakar. Vi har vore heldige og fått inspirasjon frå mange kantar, både i inn og utland. Det har gjeve oss smaken på kvalitetsost og gjort oss nyfikne, slik at vi alltid må prøve noko nytt. Slik vart det til at Grindal produserer ostar med anar frå andre himmelstrok, ostar som osteelskarar drøymer om!

Ragnhild var odelsjenta som skulle komme heim att. Det var fascinasjon over at mjølk vart til ost som gjorde at ho drog heimafrå: Ragnhild gjekk sitt første seter- og ystekurs då ho var 14 år, ho studerte næringmiddelfag på Ås, og har i mange år jobba med undervisning, kursing og rådgjeving innan småskala mjølkeforedling.

Turid er dagleg leiar, ho er lillesøstra som aldri skulle flytte heim att til Grindal, men som gjorde det lell, fordi dette var den beste plassen om ein ville få jord under neglene, dyr i fjøset, og ete seg mett på god ost.

 

På Grindal er vi nøysame og opptekne av å ta i bruk dei ressursane vi har til rådigheit; jord og skog, dyr og folk

 

Grønt frå Grindal

 

Høsten 2018 vart første spade sett i jorda på Aunan for å etablere marknadshagen Grønt frå Grindal. Ein marknadshage er småskala grønnsaksproduksjon som er kommersialisert ved å selge direkte til forbrukar. Grønt frå Grindal har mange kulturar i åkeren for å bruke heile sesongen og for å kunne tilby eit breitt utval av friskt grønt til kundane. Elisabeth og Sigurd driv hagen og sel grønsaker frå mai til oktober til restaurant, abonnement og REKO- Trondheim.