På Grindal tek vi i bruk dei kvalitetane plassen har gjeve oss; jord og skog, dyr og folk. Ressursane speler best i lag: Skogen gjev varme til vaskevatn og ysteri. Samarbeid i nabolaget gjer at årshjulet rullar knirkefritt. Ku, sau og geit beiter saman på artsrike og smakfulle beitemarker. Attåt næringsrikt fôr, sørgjer vi for at dyra har det godt på alle måtar. Attende får vi frisk og feit mjølk. Ei rein råvare.
Mjølk er levande og må handsamast med varsemd. Derfor nyttar vi fersk, rå mjølk til produkta våre. Mjølka strøymer varsamt ned i ystekaret, rett frå mjølkestallen. I ystekaret set vi i gang den biologiske prosessen som forvandlar mjølk til ost. Heile ystinga skjer for hand for å følgje med og justere ystinga, slik at osten blir best mogleg. Dette er solid mathandverk.
Ostane blir modna på eit naturleg lager med høg luftråme. Dei blir snudd for hand, vi luktar og smakar på dei undervegs, slik at vi er heilt sikre på at vi sender frå oss modne og smakfulle ostar. Ostar som ber med seg ei historie om ein heilhjerta produksjonsprosess, og ein raus smak.
Grindal ysteri har i dag omlag 2,5 årsverk fordelt på fire personar; Gea, Sigurd, Mette og Turid. Vi er no 9 personar som har arbeid knytt til drifta. Vi ystar omlag 5 dagar i veka frå midten av september til 1. juli. Om sommaren setrer vi på Jelsetra.
Grindalsjelan er garden der Ragnhild og Tormod driv med mjølkekyr. Jelan er ein gammal gard som ein gong var stor og gild, men som etter dagens standard er ein fillegard. Vi vel å leve i sanninga at dette er eit paradis, for her er kjellaren full av rotgrønnsaker, frysaren full av kjøt og syltetøy, i buret heng ei diger fleskeskinke. Slik ville det ikkje vore utan kårfolket, Mette og Anders, som er høgst oppegåande. Ysteriet ligg i driftsbygninga på garden.
Turid og Steinar driv med sau og mjølkegeit på småbruket Stigen. Dei tek eit stort ansvar med å ta vare på og gjenskape gammalt kulturlandskap, og er av dei få som driv med mjølkegeit i Trøndelag i dag.
Jelsetra ligg på Jøldalen i Trollheimen, rett attmed Jøldalshytta. Her setrar dei to bruka i lag med mjølkeku og geit. Etter ti tomme somrar tok Mette og Anders opp att tradisjonell seterdrift i 1985. Produktspekteret har vorte utvida smått om senn, her er det muleg å kjøpe seg rømme og forskjellig slags ost. Setersesongen varar omkring frå 15.juli til 20. august. Velkommen innom!
Grindal Ysteri har fått Martnasprisen på Rennebumartnan 2016, Bygdeutviklingsprisen i Sør-Trøndelag 2016, Årets økobonde 2018, Årets jobbskaper 2019 i Rennebu kommune, Noregs Målags Næringslivspris 2019, samt fleire utmerkelsar for ostane vil lagar.
Forteljinga om Grindal handlar om søstrene som ikkje ville flytte heim frå setra.
Den gode kvardagen på setra var fylt med kyr og mjølkestell. Setra er langt frå straum og bilveg, men gjeve oss tallause gode måltid med råvarer dei fleste berre kan drøyme om: fjellørret og nypotet, rømme og molter. Da heimflyttardagen kom, var løysinga klar; søstrene måtte bygge seg ysteri heime. Dei norske tradisjonsprodukta skulle få leva vidare på setra, medan verdiane frå seterlivet fekk vera med på seterlasset heim.
Nærleik til heile produksjonen, fridomen ved å sjølv ha styring over dagen, og gleda med å sjå korleis mjølka kan bli til så mange ulike smakar. Vi har vore heldige og fått inspirasjon frå mange kantar, både i inn og utland. Det har gjeve oss smaken på kvalitetsost og gjort oss nyfikne, slik at vi alltid må prøve noko nytt. Slik vart det til at Grindal produserer ostar med anar frå andre himmelstrok, ostar som osteelskarar drøymer om!
Ragnhild var odelsjenta som skulle komme heim att. Det var fascinasjon over at mjølk vart til ost som gjorde at ho drog heimafrå: Ragnhild gjekk sitt første seter- og ystekurs då ho var 14 år, ho studerte næringmiddelfag på Ås, og har i mange år jobba med undervisning, kursing og rådgjeving innan småskala mjølkeforedling.
Turid er dagleg leiar, ho er lillesøstra som aldri skulle flytte heim att til Grindal, men som gjorde det lell, fordi dette var den beste plassen om ein ville få jord under neglene, dyr i fjøset, og ete seg mett på god ost.
På Grindal er vi nøysame og opptekne av å ta i bruk dei ressursane vi har til rådigheit; jord og skog, dyr og folk
Høsten 2018 vart første spade sett i jorda på Aunan for å etablere marknadshagen Grønt frå Grindal. Ein marknadshage er småskala grønnsaksproduksjon som er kommersialisert ved å selge direkte til forbrukar. Grønt frå Grindal har mange kulturar i åkeren for å bruke heile sesongen og for å kunne tilby eit breitt utval av friskt grønt til kundane. Elisabeth og Sigurd driv hagen og sel grønsaker frå mai til oktober til restaurant, abonnement og REKO- Trondheim.
Grindal er grenda lengst nord i Rennebu. Grindal Ysteri ligg rett ved Riksveg 700 mellom Orkanger og Berkåk.
Vi har sjølvbetjent og døgnåpent gardsutsalg på garden, betaling med kort.
Frå 10. juli til 24. august har vi ope utsal på setrene:
Øyasetra måndag-onsdag 13-16.
Jelsetra torsdag – søndag 13-16, pluss alle dagar frå 8-10 på morgonen.
Trøndelag
Bunnpris & Gourmet Tyholt
Extra Berkåk
Joker Rennebu
Joker Nerskogen
Mega, Oppdal
Mega, AMFI, Orkanger
MENY Solsiden
MENY Tiller
Rågo, lokalmatbutikk, Torget Trondheim 4.-20.desember
Rågo nettbutikk
Smak og Behag, Oppdal
Vestlandet:
Bakar Jon, Byrkjelo
Colonialen fetevare, Bergen
Lille Marked, Florø
Litleré Mat
Mega Molde
MENY Bergen Storsenter
MENY Lagunen, Bergen
MENY Oasen, Bergen
MENY Voss
Møllendal fetevare, Bergen
Reindyrka, Bergen
Oslo:
Flavours Food Market, Østbanehallen
Frogner Special
Fromagerie, Majorstuen
Gutta Mathallen
Gutta På Haugen, St. Hanshaugen
Jacobs Holtet
Jacobs Majorstuen
Juels 33 Kolonial
Lille Tøyen Kolonial
Lokal Harbitz torg, Skøyen
Maschmanns matmarked, Skøyen
MENY Bryn
MENY Bogstadveien
MENY Bjølsen
MENY CC Vest
MENY Colosseum
MENY Fornebu
MENY Grorud
MENY Kolsås
MENY Ringnes Park
MENY Skøyen
MENY Vollebekk
Mølleren Sylvia
Winther Aker Brygge
Stavanger:
Albert Idsøe
Ostehuset Sentrum AS
Helgø MENY Mariero
Helgø MENY Stadionparken
Helgø MENY Stokka
Skjæveland Gardsutsalg, Sandnes
Østlandet elles:
Avdemsbue, Lesja
Coop Mega Røa
Godsaker, Kongsberg
Harby Landhandel, Næroset
Lokal Hamar
MENY Bekkestua
MENY Drøbak
MENY Flåtten, Porsgrunn
MENY Lilletorget, Skien
MENY Nøtterøy
MENY Revetal
MENY Røa
MENY Ski Storsenter
MENY Saga, SKien
MENY Strømmen
MENY Union Brygge
MENY Åsgårdstrand
Smelters Mathus, Bærums Verk
Tjøme Kolonial
Tønsberg Fisk og Delikatesse AS
Sørlandet:
MENY Albert
MENY Torvet
MENY Sørlandsparken
Nord-Norge:
Brødrene Berbusmel, Bodø
Helmers delikatesse, Tromsø
Vi leier ut et gammelt småbruk ved Orkla i sommerhalvåret: her er det fint å være for små og store! Vårdagene i mai og juni med blomstringstid er ekstra fine for småturer langs elva.
Retøya er et fint utganspunkt for laksefiske i Orkla, eller fotturer i Trollheimen og naturen rundt. Her er god plass for opptil to barnefamilier (to rom med dobbeltseng, totalt fire soverom med 7 senger + to senger i stabburet) og et trygt og fredfullt uteområde.
Vi kan også fylle kjøleskapet med oster fra Grindal Ysteri, sesongens grønnsaker fra Grønt fra Grindal og steinovnsbakt brød. Pris fra 1800,- for ei helg. For prisliste og booking send e-post til turid@grindalysteri.no