Grønt frå Grindal

Elisabeth og Sigurd driv den økologiske marknadshagen Grønt frå Grindal. Frå mai til oktober dyrkar vi omlag 40 ulike kulturar som selgast til restaurantar, i gardsbutikken og på REKO i Trondheim. Vi jobbar med handreidskap, dyrkar i faste bedd og brukar ikkje sprøytemiddel i det heile – for å vera skånsam mot alt som kravlar, går, symjer og flyg.

Du finn Grønt frå Grindal på facebook og instagram.

Foto: Tore Berntsen, Visualdays.no
Foto: Tore Berntsen, Visualdays.no

PS: Vi som arbeider i hagen må ofte halde eit høgt tempo for å ta oss av bestillingar og ugras – men alle er velkomne til å besøke hagen og sjå seg rundt på eiga hand. Det er berre triveleg!

Foto: Elisabeth Fagerland
Foto: Elisabeth Fagerland