Historia til ysteriet

Forteljinga om Grindal handlar om søstrene som ikkje ville flytte heim frå setra.
Den gode kvardagen på setra var fylt med kyr og mjølkestell. Setra ligg langt frå straum og bilveg, men gjeve oss tallause gode måltid med råvarer dei fleste berre kan drøyme om: fjellørret og nypotet, rømme og molter. Da heimflyttardagen kom, var løysinga klar; søstrene måtte bygge seg ysteri heime. Dei norske tradisjonsprodukta skulle få leva vidare på setra, medan verdiane frå seterlivet fekk vera med på seterlasset heim.
Nærleik til heile produksjonen, fridomen ved å sjølv ha styring over dagen, og gleda med å sjå korleis mjølka kan bli til så mange ulike smakar. Vi har vore heldige og fått inspirasjon frå mange kantar, både i inn og utland. Det har gjeve oss smaken på kvalitetsost og gjort oss nyfikne, slik at vi alltid må prøve noko nytt. Slik vart det til at Grindal produserer ostar med anar frå andre himmelstrok, ostar som osteelskarar drøymer om!

Ragnhild var odelsjenta som skulle komme heim att. Det var fascinasjon over at mjølk vart til ost som gjorde at ho drog heimafrå: Ragnhild gjekk sitt første seter- og ystekurs då ho var 14 år, ho studerte næringmiddelfag på Ås, og har i mange år jobba med undervisning, kursing og rådgjeving innan småskala mjølkeforedling.

Turid er dagleg leiar, ho er lillesøstra som aldri skulle flytte heim att til Grindal, men som gjorde det lell, fordi dette var den beste plassen om ein ville få jord under neglene, dyr i fjøset, og ete seg mett på god ost.

I 2017 byrja Sigurd Vassenden å jobbe hjå oss i ysteriet etter å bli headhunta frå pianokrakk og jordbruksskule. Han har ansvar for mange ledd i drifta og har i tillegg starta Grønt frå Grindal.

Merittar

Grindal Ysteri har fått Martnasprisen på Rennebumartnan 2016, Bygdeutviklingsprisen i Sør-Trøndelag 2016, Årets økobonde 2018, Årets jobbskaper 2019 i Rennebu kommune, Noregs Målags Næringslivspris 2019, Trøndermållaget samt fleire utmerkelsar for ostane vi lagar.