Om oss

Foto: Elisabeth Fagerland

Filosofien vår

Oss ysta vår første ost på Grindal ysteri i 2014, men tankane kring gardsdrift og ysteri strekk seg både att og framover i tid:

Oss ser attover på eit kulturlandskap som var rikare på biologisk mangfald, og prøver å gjere omgjevnadene våre så vakre og rike vi kan. Ku, sau og geit beiter saman på artsrike beitemarker og oss slår ugjødsla slåttemark slik at blomane og insekt kjem attende neste år.

Oss ser framover for å stadig ha friskare og meir effektive husdyr og ta i bruk ny kunnskap kring jordbruk og husdyrhald. Oss dyrkar alt gras som dyra et sjølve, og vårt neste mål er å produsere meir av kornet som dyra et sjølve. 

Oss driv gardane våre økologisk, både fordi det kjennast rett, og fordi det det gjer det umogleg å ta snarvegar kring jordas og gardsdriftas berekraft.

For oss er det viktig med ei god ressursutnytting, der ikkje ei dråpe mjølk skal gå til spille.

Oss ystar av rå mjølk. Korfor? – Jo, fordi det gjev meir særpreg og smak til osten, at levande mikroorganismar er bra for helsa, og ikkje minst; det er meir tids- og energieffektivt. Mjølk er levande og må handsamast med varsemd. Oss brukar fersk mjølk til produkta våre. Mjølka strøymer varsamt ned i ystekaret, rett frå mjølkestallen. I ystekaret set oss i gang den biologiske prosessen som forvandlar mjølk til ost. Heile ystinga skjer for hand for å følgje med og justere ystinga, slik at osten blir best mogleg. Oss jobbar òg med naturlege skorper på ostane våre, det vil seie at dei ikkje er voksa eller coata med plast på overflata. På dette viset bidreg både gras, fjøs, ku, ystar og modninga til å gje “terroir” i osten.

Foto: Osteglad
Foto: Elisabeth Fagerland

Oss jobbar for å vere eit stort og godt arbeidslag på Grindal. Utkantane treng folk, og oss vil heller ha kollegaer enn meir automatisering. Oss produserer mest mogleg av energien oss brukar sjølv: Skogen gjev varme til vaskevatn og ysteri, og på taket ligg solcellepanel som mellom anna held modningsromma kalde på sommaren.

Grindalsjelan

Grindalsjelan er navnet på garden. Her ligg ysteriet og gardsbutikken, og her bur 20 mjølkekyr om vinteren i eit lausdriftsfjøs. Kyrne blir mjølka i ein mjølestall to gongar for dagen. Storparten av kyrne kalvar i september, mens seterkyrne kalvar på etterjulsvinteren. Ragnhild er bonden på denne garden, og i kårenden bur dei driftige kårfolka Mette og Anders.

Foto: Elisabeth Fagerland

Stigen

Småbruket Stigen ligg 4 km nord for ysteriet. Garden er brattlendt, og garden passar godt til dei 25 mjølkegeitene og saueflokken som held til der i lag med Turid og Steinar.

Jelsetra og Øyasetra

Jelsetra ligg på Jøldalen i Trollheimen, rett attmed Jøldalshytta. Her setrar dei to bruka i lag med mjølkeku og geit. Etter ti tomme somrar tok vi opp att tradisjonell seterdrift i 1985. I dag produserer oss i hovudsak seterost her, ein kvitost av ku og geitemjølk. Setra ligg 5 km frå bilveg, og frakt skjer med traktor, elsykker og på føtene.

Foto: Osteglad
Foto: Elisabeth Fagerland

Øyasetra vart restaurert og i drift frå sommaren 2022. Her setrar vi med tre kyr, som produserer mjølk til rømme og gammalost. Setersesongen varar omkring frå 5.juli til 20. august. På Øyasetra finn du ei lita sjølvbetjeningsbu med rømme og ostane våre.


Les om Grønt frå Grindal


Historia til ysteriet

Forteljinga om Grindal handlar om søstrene som ikkje ville flytte heim frå setra.

Den gode kvardagen på setra var fylt med kyr og mjølkestell. Setra ligg langt frå straum og bilveg, men gjeve oss tallause gode måltid med råvarer dei fleste berre kan drøyme om: fjellørret og nypotet, rømme og molter. Da heimflyttardagen kom, var løysinga klar; søstrene måtte bygge seg ysteri heime. Dei norske tradisjonsprodukta skulle få leva vidare på setra, medan verdiane frå seterlivet fekk vera med på seterlasset heim.

Nærleik til heile produksjonen, fridomen ved å sjølv ha styring over dagen, og gleda med å sjå korleis mjølka kan bli til så mange ulike smakar. Vi har vore heldige og fått inspirasjon frå mange kantar, både i inn og utland. Det har gjeve oss smaken på kvalitetsost og gjort oss nyfikne. Slik vart det til at Grindal produserer ostar med anar frå andre himmelstrok, ostar som osteelskarar drøymer om!

Foto: Osteglad
Foto: Elisabeth Fagerland

Ragnhild var odelsjenta som skulle komme heim att. Det var fascinasjon over at mjølk vart til ost som gjorde at ho drog heimafrå: Ragnhild gjekk sitt første seter- og ystekurs då ho var 14 år, ho studerte næringmiddelfag på Ås, og har i mange år jobba med undervisning, kursing og rådgjeving innan småskala mjølkeforedling.

Turid er dagleg leiar, ho er lillesøstra som aldri skulle flytte heim att til Grindal, men som gjorde det lell, fordi dette var den beste plassen om ein ville få jord under neglene, dyr i fjøset, og ete seg mett på god ost.

I 2017 byrja Sigurd Vassenden å jobbe hjå oss i ysteriet etter å bli headhunta frå pianokrakk og jordbruksskule. Han har ansvar for mange ledd i drifta og har i tillegg starta Grønt frå Grindal.

Merittar

Grindal Ysteri har fått Martnasprisen på Rennebumartnan 2016, Bygdeutviklingsprisen i Sør-Trøndelag 2016, Årets økobonde 2018, Årets jobbskaper 2019 i Rennebu kommune, Noregs Målags Næringslivspris 2019, Bondeprisen 2022 i Trøndelag, Trønderlagets målpris 2023 samt fleire utmerkelsar for ostane vi lagar.

Foto: Elisabeth Fagerland