Åskeladd

Mjukost rulla i oske

Om produktet

Under den svarte oska finn du den snillaste smaken du kan tenke deg.

Åskeladd er ein mild ost, med fløteprega aroma. Mjølkesoppen, det tynne fløyelslaget utanpå osten, gjev ei antydning til skogsopparoma. Åskeladd er fin på ostebordet, og til dessert.

Kjenner du skeptiske prinsesser som aldri tør smake noko nytt, så bør du prøve om Åskeladden kan få dei på betre tankar!

Osten er moden ei veke etter den er laga. Da er den forsatt litt syleg, og ryen i konsistenesen. Den utviklar seg vidare i ostepairet, den blir fastare, rundare og meir moden i smaken. Etter seks veker er den ferdig, da vil den få bitre undertoner.

Gammelonkel til far, Nils, var eigentleg odelsgut i Jelom, men han var berre liten da faren døydde. Storesyster hans, Jodda, fekk ta over garden. Da han voks til, måtte Nils finne seg anna arbeid, og han starta opp med sykkelproduksjon, og sykkelmerket var Åskeladd. Etterkvart fekk han utskilt eit lite småbruk frå Jelan, nok til å fø ei ku og tre sauer, og han fekk det eine stabburet på garden til bolighus. I Fredvang dreiv han sykkelverkstaden vidare, han bygde både nye syklar, og bygde om gamle.

Ingrediensar

Rå kumjølk, salt, animalsk løype, vegetabilsk oske, kulturar

Tilgjengelegheit

Delikatessediskar og utvalde MENY-butikkar rundt om i landet. I Trøndelag: Nerskogen landhandel, Oppdal Smak & Behag, Coop Extra Berkåk, Coop Mega Oppdal og Orkanger, MENY Solsiden, Moholt og Sverresborg, Fetevaren (Sirkus shopping), Gardsbutikken og REKO-ringen Trondheim. Tigjengeleg heile året bortsett frå i august (når vi er på setra).

Merittar

Åskeladd fekk gull i NM i Ost i 2021 og bronse under World Cheese Awards 2023

Serveringsforslag og oppskrifter
  • Ost, honning , valnøtter…

    Åskeladd som dessert kan gjerast svært enkelt. Legg Åskeladd, honning og valnøtter på en tallerken, velbekomme!

  • Pannekake for kresne vaksne

    Pannekaker kan vere grunnlag for så mykje meir en blåbærsøl. Vår favoritt er Myrull (eller Åskeladd), fenalår, ruccola og god balsamicoeddikk.

Fin skorpe med aske delvis dekket av hvit muggsopp. Bløt i ytterkant mot skorpen og krittaktig kjerne. Lette blomstertoner med markert søtlig duft i retning av honning. Fin myk munnfølelse, kremet når den bløte ytterkant blandes med den litt fastere kjernen. Mild men samtidig sammensatt smak, toner av nyslått gress og en aning sødme i fin balanse med salt.

Smaksnotater frå Matcompaniet