Råblå - Blåmuggost fra Grindal Ysteri

Råblå

Blåmuggost

Om produktet

Fast og kraftig blåmuggost, handysta av fersk, rå mjølk. Osten blir først modna i ein modningskjellar i to månader. Der blir osten snudd, flytta og stelt kvar veke. Modningskjellaren gjer Råblå ulik andre blåmuggostar i det norske ostelandskapet; modningsskorpa følgjer årstidene og gjev særpreg. Osten blir så pakka inn, og ettermodna på låg temperatur for å få eit rikt smaksbilete. Råblå ystast vanlegvis på kumjølk, men i juni blandar vi ofte i ca 1/5 geitemjølk.

Ingredienser

Rå kumjølk, salt, animalsk løype, kulturar.

Tilgjengelegheit

Komplett oversikt finn du på «Her finn du osten».

Merittar
  • Bronse i World Cheese Awards 2023
  • Gull i NM i ost i 2021
  • Gull i World Cheese Awards 2018
  • Årets ost i Det Norske Måltid 2018
  • Sølv i NM i handverksforedla mjølk i 2015 og 2016
  • Finalist i det norske måltid 2016.
Serveringsforslag og oppskrifter
  • Råblå og fruktbrød

    Eit stort frukt- og nøttebrød, som varar lenge, om du ikkje får heilt dilla…
    Du treng 600g tørka frukt og 400g nøtter, av forskjellig slag, 5 egg, 100g kveitemjøl og 1 ts bakepulver.
    Bland alt det tørre, pisk egga og rør dei inn. Kle ei brødform med bakepapir, press deigen i forma og dekk med bakepapir. Stek på 160 grader i ein time. Skjær i supertynne skiver med ein skarp kniv.

  • Råblå-Rim

    Bland Råblå og Rim med stavmiksar. Bruk 1 del råblå og 2-3 delar Rim. Dette er en god dressing, kan serverast i lag med steikt kjøt, og er supergod i potetlefse. Eller kva med 60-tallsklassikaren stangselleri?

  • Råblå og rødbetgrateng

    Fin festmat til 4 personar! Servér med potetmos eller omnsbakt potet og gjerne ein salat.

    Surr 3 raspa rødbeter, 1 raspa gulrot og 1-2 finhakka lauk i panne.
    220 g Råblå, 270 g Rim, 3 egg
    ½ chili, 3 fedd kvitlauk, Oregano/timian/basilikum etter smak, pepper og bittelitt salt.
    Bland egg og Rim, smuldre oppi Råblå og bland i resten. Passar i form med diameter 28 cm. Steik på 180 grader i ein time.

Lys gyllen ostemasse med vakker marmorering av blåmugg.

Heftig duft av rå melk, modent høy, alger, syrlige toner – kompleks men behagelig!

Munnfølelsen er kremet med tydelige krystaller nesten i retning av lett grynet.

Smaken har et søtlig anslag med gode muggtoner, friskhet og salt. Integrerte smaker som med tanke på duften er mildere en man kunne ventet seg. Smaker lenge.

Smaksnotater frå Matcompaniet