Råblå og fruktbrød

Eit stort frukt- og nøttebrød, som varar lenge, om du ikkje får heilt dilla…
Du treng 600g tørka frukt og 400g nøtter, av forskjellig slag, 5 egg, 100g kveitemjøl og 1 ts bakepulver.
Bland alt det tørre, pisk egga og rør dei inn. Kle ei brødform med bakepapir, press deigen i forma og dekk med bakepapir. Stek på 160 grader i ein time. Skjær i supertynne skiver med ein skarp kniv.