Ferskost frå ku
Om produktet
Prøv han i ein god salat.
Rim er godt til spekemat.
og til røyka kjøt og fisk.
Rim gjer ostekaka frisk.
Og servert med frukt og bær — vips har du ein god dessert.
Ingrediensar
Rå kumjølk, animalsk løype, kulturar og salt
Tilgjengelegheit
Selges på REKO- Ringen Trondheim, i Gardsbutikken og til restaurantar i Trondheim og Oslo
Merittar
Rim fekk Bronse under NM i gardsost i 2017, og var finalist i Det norske måltid 2018.
Serveringsforslag og oppskrifter
-
Råblå-Rim
Bland Råblå og Rim med stavmiksar. Bruk 1 del råblå og 2-3 delar Rim. Dette er en god dressing, kan serverast i lag med steikt kjøt, og er supergod i potetlefse. Eller kva med 60-tallsklassikaren stangselleri?
-
Trollrim
Trollrim er ein variant av trollkrem som er sunnare, fyldigare og mildare. Bland sukker, rim og tyttebær!
-
Råblå og rødbetgrateng
Fin festmat til 4 personar! Servér med potetmos eller omnsbakt potet og gjerne ein salat.
Surr 3 raspa rødbeter, 1 raspa gulrot og 1-2 finhakka lauk i panne.
220 g Råblå, 270 g Rim, 3 egg
½ chili, 3 fedd kvitlauk, Oregano/timian/basilikum etter smak, pepper og bittelitt salt.
Bland egg og Rim, smuldre oppi Råblå og bland i resten. Passar i form med diameter 28 cm. Steik på 180 grader i ein time. -
Solrim
Solrim er ei blanding av solbær, Rim og litt sukker. Ein fin dessert, og perfekt på vaffel!
Bland 180g Rim, 180 gram solbær og 20-25 gram sukker med stavmiksar. Vil du ha gourmetversjonen, kjør solbæra gjennom en juicar eit par gonger for å fjerne skal og steinar. -
Rustikk rim-kake
Botn: 100g smør, 100g havregryn, 75g kveitemjøl, 50 g sukker. Smelt smør, bland og press utover botnen i form. Sett botnen i omnen og steik i ti minutt medan du blandar i hop fyllet.
Fyll: 500g Rim, 2 ts vaniljesukker, 1 ss sitronsaft, skal frå 1/3 sitron, 2 egg og 100g sukker.
Rør fyllet forsiktig saman, tilsett egga til slutt. Smør det utover botnen.
Steik på 175 grader i 50 minutt til kaka blir gyllen.