Rim

Ferskost frå ku

Om produktet

Prøv han i ein god salat.

Rim er godt til spekemat.

og til røyka kjøt og fisk.

Rim gjer ostekaka frisk.

Og servert med frukt og bær — vips har du ein god dessert.

Ingrediensar

Rå kumjølk, animalsk løype, kulturar og salt

Tilgjengelegheit

Selges på REKO- Ringen Trondheim, i Gardsbutikken og til restaurantar i Trondheim og Oslo

Merittar

Rim fekk Bronse under NM i gardsost i 2017, og var finalist i Det norske måltid 2018.

Serveringsforslag og oppskrifter
  • Råblå-Rim

    Bland Råblå og Rim med stavmiksar. Bruk 1 del råblå og 2-3 delar Rim. Dette er en god dressing, kan serverast i lag med steikt kjøt, og er supergod i potetlefse. Eller kva med 60-tallsklassikaren stangselleri?

  • Trollrim

    Trollrim er ein variant av trollkrem som er sunnare, fyldigare og mildare. Bland sukker, rim og tyttebær!

  • Råblå og rødbetgrateng

    Fin festmat til 4 personar! Servér med potetmos eller omnsbakt potet og gjerne ein salat.

    Surr 3 raspa rødbeter, 1 raspa gulrot og 1-2 finhakka lauk i panne.
    220 g Råblå, 270 g Rim, 3 egg
    ½ chili, 3 fedd kvitlauk, Oregano/timian/basilikum etter smak, pepper og bittelitt salt.
    Bland egg og Rim, smuldre oppi Råblå og bland i resten. Passar i form med diameter 28 cm. Steik på 180 grader i ein time.

  • Solrim

    Solrim er ei blanding av solbær, Rim og litt sukker. Ein fin dessert, og perfekt på vaffel!
    Bland 180g Rim, 180 gram solbær og 20-25 gram sukker med stavmiksar. Vil du ha gourmetversjonen, kjør solbæra gjennom en juicar eit par gonger for å fjerne skal og steinar.

  • Rustikk rim-kake

    Botn: 100g smør, 100g havregryn, 75g kveitemjøl, 50 g sukker. Smelt smør, bland og press utover botnen i form. Sett botnen i omnen og steik i ti minutt medan du blandar i hop fyllet.

    Fyll: 500g Rim, 2 ts vaniljesukker, 1 ss sitronsaft, skal frå 1/3 sitron, 2 egg og 100g sukker.

    Rør fyllet forsiktig saman, tilsett egga til slutt. Smør det utover botnen.

    Steik på 175 grader i 50 minutt til kaka blir gyllen.