Date:   februar 27, 2014

Vi har latt oss inspirere av den mest populære kategorien av geitost i Frankrike – kremost modna med mjølkesopp. Myrull er laga av rå geitemjølk, som er heilt fersk. Kombinert med ei forsiktig modning med mjølkesopp, får vi ein mild og rund, men likevel særprega smak.

Osten gjev eit middels kraftig smaksbidrag til ostebordet, og han er god med honning til dessert. Og var du så heldig å finne att ein attgløymt, inntørka bit i kjøleskapet, så set han ekstra spiss på smaken riven over pasta med tomatsaus.

Merittar:
Gull i NM i lokalforedla mjølkeprodukt 2016 og 2017,
Sølv i NM i ost 2019
Bronse i World Cheese Awards 2018
Finalist i Det Norske Måltid 2016 og 2018
Årets produkt på Trøndersk matfestival i 2016

Serveringsforslag Myrull

  • Myrull slider
  • Myrull slider
  • Myrull slider
  • Myrull slider